Bli motivert av Rasmus Mo!

Foredraget «Dønn Ærleg» handlar om stoltheit, eigarskap og ansvar. Korleis tek me ansvar for eigen trivsel gjennom å byggja stoltheit og ta eigarskap til suksessar? Rasmus Mo er kjent som ein solid foredragsholdar med humor og snert. Rasmus har vore ein del av fotballfamilien Sogndal sidan 2007, og er no omdømmeleiar, mentor og motivator i Sogndal Fotball. Rasmus er eigentleg utdanna innan luftfart, og har brei erfaring frå operativt arbeid og leiing. Han kan ekstremt lite om fotball, men har gode referansar på individets moglegheiter for mestring. Hans slagord er: «Ta eigarskap til eigen suksess utifrå eigne føresetnader» og «Bygg suksess der DU er».

Campus-day

Ein Campus-dag er ein fantastisk moglegheit til å nå ut til kundar, samarbeidspartnare, tilsette og andre i ditt miljø. Me legg til rette for ei unik oppleving på Fosshaugane Campus. Dette er noe verken du eller dine gjester kjem til å gløyme med det fyrste. Kombiner dei ulike aktivitetane etter dine ynskjer: Foredrag med Rasmus Mo Omvising på Fosshaugane Campus Relasjonsbygging med næringslivet på Fosshaugane Campus Relasjonsbygging med utvald Sogndal Fotball spelar Kampbillett Mat: frukost, lunsj, middag.   http://www.fosshauganecampus.no/

FromNOK 1'500
Book Now!